
Turen startar i Etne kl. 09.00 og me set kursen mot Suldal via Sandsfjordbrua. Første stoppen på turen blir hos JarleTveit på Hamrabø. Jarle Tveit kjøpte denne garden og har brukt mykje tid og ressursar på å restaurere husa på garden. Jarle Tveit tar i mot oss og fortel om dette imponerande prosjektet. Han serverer også smaksprøvar av skinke som han produserer på garden. Etter dette besøket får me guide om bord i bussen og set nasa mot Ulla- Førre anlegget. Ulla-Førre er ein samlebetegnelse på ei vannkraftutbygging i Hjelmeland, Suldal og Bykle kommuner. Med ein installert effekt på ca. 2100 MW totalt er dette det største vannkraftverkanlegget i Norge og Nord-Europa. Årlig produksjon er i gjennomsnitt 4,45 TWh (1987–2006), og dei tre hovedkraftverka utgjer 7,5 % av den totale maskinkapasiteten i Norge. Det blei investert ca. 9,3 milliarder kroner (1986-kroner) i utbyggingen, som tilsvarer ca. 23 milliarder i 2021-kroner.
Ubyggingen av anlegget føregjekk i åra 1974–1988, og førte med seg ei rekke forandringar i lokalsamfunnet. Suldal hadde fram til anleggsstart ein nedadgående befolkningsutvikling, men fekk rundt 1000 nye i Suldalsosen.
Anlegget henter vatn fra eit 2000 km² stort nedbørsfelt sentralt i Ryfylkeheiane. Dette omfattar blant anna den kunstige innsjøen Blåsjø som fungerer som fleirårsmagasin. Blåsjø er oppdemma av nokre av Norges største dammer, deriblant Oddatjørndammen (høgaste fyllingsdam), Storvassdammen (største fyllingsdam) og Førrevassdammen (største betongdam). I kraftverkgruppa Ulla-Førre inngår flere kraftverk. Det største er Kvilldal kraftverk, som er Norges største kraftverk målt i installert effekt (1240 MW). I tillegg inngår Saurdal kraftverk, Hylen kraftverk og Stølsdal kraftverk.
Etter besøket til Ulla-Førre anlegga set me kursen mot Jelsa der me får servert middag. Og her får me også ei omvisning på jordbærfarmen til Jelsa Jordbær.
Gode og mette og fulle av inntrykk set set me kursen attende mot Etne.
Pris: Kr. 1900,- pr person.
Inkluderar busstur med reiseledar/guide heile dagen, besøk og omvisning hos Jarle Tveit på Hamrabø, busstur med lokal guide på Ulla-Førre anlegga, Middag på Jelsa.
Vi håper programmet fangar interessa dykkar
og håpar å sjå deg på tur!