Etne si historie

Den unge kongen, av Johannes Heggland, handlar om kong Magnus sin barndom og ungdom på Stødle i 1150- og 1160-åra til han fall i slaget ved Fimreite sommaren 1184.

Heggland er ein av våre fremste historiekjennarar, og jamvel om me ikkje kjenner detaljane i Magnus sin oppvekst, er det historiske tidsbiletet ekte.

Eide forlag. 191 sider. Pris (ny) 230 kr. Uviss pris i dag. ISBN 82-514-0560-2

Stavkjerringa, av Vera Henriksen, handlar òg om livet i hovdingsetet på Studla på midten av 1100-talet.

Sverresoga

Saman med Snorres Kongesoger er Sverresoga. Boka fortel mykje om den kampen som stormannsætta på Studla førde mot kong Sverre. Det gjeld både Erling Skakke, som fall i 1179, og kong Magnus, som fall i 1184, og seinare: Sigurd Jarlsson – ein son Erling Skakke hadde med Åsa den ljose. Siste gongen me høyrer om han er i 1202. Det er derfor Ingvar Moe skriv «Kva har hendt i Etne sidan 1202?»

Norrøne bokverk – Det Norske Samlaget. 248 sider (hefta) ISBN 82-521-4474-8

Etnesoga bd. I – V av Ståle Dyrvik

Kvar bok kostar no berre 100 kr.

Fotobok 1 med bilete i tida frå slutten av 1800-talet og fram til krigen 1940. Kostar 300 kr

Fotobok 2 særleg med bilete frå krigstida og fram til 1990. Boka kostar 400 kr.

Kjøparar kan venda seg til Tenestetorget, Etne kommune.

No items found.
‹ Sjå alle historiar
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.