.jpg)
Stødle kyrkje er den eldste bygningen i Etne og full av høgtid og historie. Historien fortel me ofte til gjester, turistar og skulebarn. Men vaksne, fastbuande får ikkje så ofte mulighet til å læra meir om den fine kyrkja. I samband med at Etne sogelag og Etne sokneråd har laga nytt informasjonskilt ved kyrkja inviterer me nå til Historisk kveld i kyrkja søndag 5. oktober. Ingvor Gundegjerde viser rundt i kyrkja først. Atle Aas held foredrag ut frå teksten han har laga i arbeidet med tavla. Harald Grønnevik avsluttar kvelden med ein meditsjon over dei to krusifiksa i kyrkja. Kvelden er eit samarbeid mellom Etne sogelag og Etne sokneråd, det er gratis inngang og alle er hjarteleg velkomne.
Arrangementet er støtta med midlar frå Den kulturelle spaserstokken