til bords i Langhuset til Lothepus

Busstur til Hardingsete og Hardanger fartøyvernsenter

Etne sogelag sin årlege busstur 26. august

Etne sogelag sin årlege tur gjekk i år til Hardanger

Med full buss besøkte me fyrst Hardingesete i Tørvikbygd. Ein fantastisk plass der det er samla  og «berga» mange mange gamle hus og bygningar frå heile Hardanger.

Legen Jarle Hjartaaker er eigar og primus motor for dette prosjektet som starta i 1996.

Det var Hjartaaker sjølv som møtte oss, fortalde og viste oss rundt.

Vidare gjekk turen til fartøyvernsenteret i Norheimsund, der me bl.a. fekk sjå og høyre om skuta Elmina som i si tid vart bygd av Lars Djuve i Åkrafjorden. Denne båten skal restaurerast, og meininga er å sette den inn som turistbåt i Åkrafjorden av Åkrafjorden oppleving. Det er imponerande å sjå kva fartøyvernsenteret i Norheimsund har fått til. Denne bedrifta starta som ein alternativ opplæringsarena for nokre få elevar, og er no blitt museum og kompetansesenter for restaurering av gamle båtar med 40 tilsette.

Alle såg fram til middag i Langhuset til Lothepus i Odda som avslutning på dagen. Svært imponerande både stavkyrkja og resten av området.

Per Martin i Knapphus buss var god turleiar og fortalde både historie og informerte om plasser me køyrde forbi ,og busssjåføren køyrde trygt og sikkert på dei smale vegane i Hardanger.

Me har fått mange gode tilbakemeldingar om denne turen.

Astrid Trå Sørheimfor sogelaget
‹ Sjå alle nyhende‹ Sjå alle artiklar i arkivet
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.