Busstur til Suldal

Busstur til Suldal og Jelsa august 2026


Turen starta frå Etne kl.09.00. Me køyrde til Suldal via Sandsfjordbrua.


Første stoppen var hos Jarle Tveit på Hamarbø. Han kjøpte garden og har brukt
mykje tid og ressursar på å restaurera husa. Han fortalde om arbeidet med
restaurering av bygningane, og serverte smaksprøvar av skinke han produserte
på garden.


Me fekk guide om bord på bussen og køyrde vidare til Ulla-Førreanlegget. Ulla-
Førre er samlenamnet på vasskraftutbygging i Hjelmeland, Suldal og Bykle
kommunar. Med ei installert effekt på ca. 2100 MW totalt er dette det største
vasskraftanlegget i Noreg og Nord-Europa. Årleg produksjon er gjennomsnittleg
4,45 TWh (1987 - 2006), dei tre hovudkraftverka utgjer 7,5 % av den totale
maskinkapasiteten i Noreg. Det vart investert ca. 9,3 milliardar kroner i
utbyggjinga, noko som tilsvarar ca. 23 mill. i 2021 kroner.


Utbyggjinga av anlegget føregjekk i åra 1974 - 1988, og førde med seg ei rekkje
store endringar i lokalsamfunnet. Suldal hadde fram til anleggstart ei
nedadgåande befolkningsutvikling, men fekk nå rundt 1000 nye innbyggjarar i
Suldalsosen.
Anlegget hentar vatn frå eit 2000 km 2 stort nedbørsfelt sentralt i Ryfylkeheiane.
Dette omfattar m.a. den kunstige innsjøen Blåsjø som fungerer som
fleirårsmagasin. Blåsjø er oppdemma av nokre av Noregs største dammar, m.a.
Oddatjørndammen (høgaste fyllingsdam), Storvassdammen (største
fyllingsdam) og Førrevassdammen (største betongdam). I kraftverkgruppa Ulla
– Førre inngår fleire kraftverk, det største er Kvilldal kraftverk som er det
største kraftverket i Noreg målt i installert effekt (1240 MW). I tillegg kjem
Suldal kraftverk, Hylen kraftverk og Stølsdal kraftverk.


Etter å ha på vore på Ulla - Førre anlegga, køyrde me til Jelsa. Der fekk me
middag og hadde omvising på jordbærgarden til Jelsa Jordbær.

Etter dette gjekk turen tilbake til Etne for dei 38 godt nøgde passasjerane.

L T M

‹ Sjå alle nyhende‹ Sjå alle artiklar i arkivet
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.