
Historisk kveld i Stødle kyrkjesøndag 5. oktober kl 18.30
Stødle kyrkje er den eldste bygningen i Etne ogfull av høgtid og historie. Historien fortel me ofte til gjester, turistar ogskulebarn. Men vaksne, fastbuande får ikkje så ofte mulighet til å læra meir omden fine kyrkja. I samband med at Etne sogelag og Etne sokneråd har laga nyttinformasjonskilt ved kyrkja inviterte Etne sogelag og Etne sokneråd isamarbeid til Historisk kveld i kyrkja søndag 5. oktober.
Ingvor Gundegjerde fortalde først omkyrkja. Ho har budd rett ved kyrkja heile livet og hugsar den storerestaureringa i 1957- 58 svært godt fordi konservatoren kom bort til far hennarkvar dag og fortalde korleis arbeidet gjekk.
Atle Aas held foredrag ut frå teksten han harlaga i arbeidet med tavla. Det blir i nyare tid stilt spørsmål ved om kyrkjakanskje kan vera eldre enn det ein har trudd. Kanskje bygd av Kyrpinga-Orm, fartil Erling Skakke.
Harald Grønnevik avsluttar kvelden med einmeditsjon over dei to krusifiksa i kyrkja.
Det var gratis inngang.
47 personar kom og det var stor interesse for åsjå seg rundt i kyrkja etter programmet.

Arrangementet vart støtta med midlar frå Den kulturelle spaserstokken.