«Det liv som gror or draumen…» av Olav Vik

Dette er den siste diktsamlinga av Olav Vik. Mange vil hevda at den er den beste. Her skriv han ikkje berre om kjærleik og lengt, men òg skjemtande om sin eigen lagnad. Her er berre forståelege dikt. Det er ingenting som haltar; rim og rytme er alltid på plass. Dessutan er Olav Vik ein målmeister. Illustrert med mange tusjteikningar av Knut Molnes.

Boka er på 70 sider, og kostar 100 kr.

Etne Opplysningsråd 1989. ISBN 82-991866-0-0

Samlinga er ei blanding av humor og alvor. Her tek me med eitt av dikta:

LEVEMÅTEN

Ein heimføding bygde av rekved sitt hus
og gifte seg med ei pinelus.

Det høyrdest ut som eit paradoks,
men dei trong ikkje kjøpe fryseboks,

for kona var alltid kald som is,
så maten heldt seg i vekevis.

Borna fekk steinar i staden for brød.
Berrføtte sprang dei på is og snø.

Utruleg lite dei greidde seg med.
Men nærbutikken laut leggjast ned.

Andre bøker av Olav Vik

Fire diktsamlingar: Hjartemål (1941), Tuva og Tårnet (1948), På ei strand (1978), Når ufødde talar (1979).

Bygda og Landet Prologar frå Etne
I lyd og lag med Olav Vik
Festskrift til Olav Vik på 70-årdagen 12. januar 1980. Utgitt av Etne mållag.

Alle desse bøkene (så nær som Hjartemål) kan me skaffa til dei som er interesserte.

Innhald

Forfattar

bestill bøker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.