
Bok om stølar og stølsdrift i Etne
Forfattar Reidar Berge
Omfattande og god bok om stølsdrifta i Etnefjella
Merknad:
Stølane tilFrette. Det har komme merknad til den korrigeringa som er omtalt i årboka. Pådenne bakgrunn vert det her tatt med desse opplysningane.
På kartet side 111 er det skreve innFresstøl, eit namn som vart nytta på eldre kart , mellom anna frå 1858. Nokoskjult på det offentlege kartet som er nytta i boka står namnet Hovdastølen.«Hovdastølen er det opphavelege og gamle namnet på det som oftast nå vertomtalt som Frettestølen, eller Fresstølen.» Dette vart stadfesta m.a. av HaldorFrette, f. 1912 i telefonsamtale med Statens namnekonsulent, Botolv Helleland isamband med revisjon av kartverket i 1988 (Nils Halleland). Hovdastøl er altsådet same som, og på same stad som Frette/Fresstølen. På same kart er hellerenved Raudalsskar nemnt som Hovdastøl. Bakgrunnen for dette var ei mistyding fråmi side. Nils Halleland opplyser at denne helleren ikkje har noko spesieltnamn, og er ikkje stølsplass. Den vert nemnd som helleren ved Raudalsskar ellerRaudalsskarhelleren, eventuelt berre som Helleren.
Reidar Berge