Historiar

Etne si historie
Den unge kongen, av Johannes Heggland, handlar om kong Magnus sin barndom og ungdom på Stødle i 1150- og 1160-åra til han fall i slaget ved Fimreite sommaren 1184.
Gamle ferdselsvegar
I 1987 valde sogelaget ei nemnd som skulle syta for at Postvegen mellom Etne og Skånevik vart sett i god stand slik at folk i større grad ville nytta vegen for å koma seg til fjells og ut naturen elles.
Tongahuset Siri Auastad skreiv i 1909 brev til kong Håkon. Ho skreiv: «Kjære konge», der ho bad om hjelp så dei kunne få seg ein heim til nystifta familie. Soknepresten, Granlund skreiv også til kongen for å stadfesta behovet for hus og heim til Siri og Aslak Austad. Dei bad der om økonomisk moglegheit å skaffa seg ein heim som ville kosta 250 kr. Etter at soknepresten sendte stadfestingsbrev til kongen så bevilga kongen 250 kr til huset. Ei enkel stove stod på Fossa og den vart kjøpt og flytta til Auestad. Det vart nok pengar til huset og samtidig kjøpt litt møbler, bord og stolaro Siri og Aslak fekk 3 borne Familien levde her i stor nøysemd.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.