ÅRSMELDING FOR ETNE SOGELAG 2017
ÅRSMØTE 2017
Årsmøtet 2017 vart halde i kafeteriaen på Kulturhuset Skakke 1. februar.Leiar Dag Silde ønskte nær 70 medlemmer og andre interesserte velkomne. Eitinteressant biletkåseri ved Karvel Strømme, om "Island, natur, kultur ogsoge". Sidan 1980 har han vore guide og reiseleiar for nordmenn tilIsland, med det målet å gjera nordmenn kjende med - og glade i dette landet.
Det vart og vist video med utdrag av Sogespelet " Amerikafeber"frå 1987.
Etter at årsmelding, rekneskap og val av nye medlemmer var vedtatt, vardet matøkt og drøs rundt borda.
Arbeid i styret
Styrethar hatt 5 styremøte, i tillegg til nokre samlingar i samband med arrangementog aktivitetar. Eit aktivt år med god oppslutning av både små og store.Sæbøtunet har stått sentralt, etter opprustninga som Sunnhordaland Museum hargjennomført. Mykje er gjort og litt gjenstår i hovudløa, i tillegg tilomplassering og registrering av gjenstandar. SHM ønsker at innbyggjarane i Etneskal ta i bruk tunet og nytta det til opplæring og hyggelege arrangement. Skapeliv til nytte og gagn på bygdetunet med dei sju bygningane, som har ståttlikeins i generasjonar.
Middelalderkyrkjenevåre har vore oppe som sak på styremøte. Korleis nyttar og tar ein vare pådesse historiske bygningane våre? I november var det bispevisitas i kommunen,der biskop Halvor Nordhaug roste kyrkjelyden for det gode arbeidet som vertgjort og gav nokre konkrete utfordringar å arbeide vidare med. Noko konkret erikkje gjort frå sogelaget si side så langt, men er ei sak sogelaget vil følgjaopp.
Utsendingar til årsmøtet i Hordaland Sogelag 4.- 5.mars på Os, var JakobEskeland og Aslaug Olden Mala. Jorunn Kambo var utsending frå HordalandSogelag.
Sogelaget har deltatt på Kulturnatt første helga i februar, medkulturvandring "rundt sjøen" — som tidlegare år.
Ruteåkle laga og gitt som gåve av Øyvind og Kirsten Holm, er hengt opp påstova hos Frivillighetssentralen på Bustadskipinga. Mønsteret er etter eitgamalt åkle frå Gjerde i Etne (kjøpt frå Gjerde i 1910) - Bergen Museum.
Sogelaget har motteke gåve frå Kåre Haugen og familie; eit stort målerifrå Etnesjøen anno ca. 1900-talet. Jan Terje Rafdal lagar ramme til måleriet.
Sæbøtunet har stått i fokus dette året. Etter oppfordring fråSunnhordaland Museum om å ta i bruk tunet til opplæring og aktivitetar, harsogelaget deltatt på to vellukka arrangement.
Først ut var Jonsokfeiring 23. juni. Her tok ein opp ein eldre tradisjonmed jonsok-brud og - brudgom, børsta støv av den gamle kruna som Etne Husmorlaglaga og brukte i mange år.
Stor stas for "brudeparet"og alle frammøtte, som gjekk frå Meieriplassen og opp til tunet. Trass i regnog ruskever møtte det opp ca.150 små og store. Offisiell gjenopning avnyrestaurert Etne Sæbøtun ved ordførar Siri Klokkerstuen. Eventyrstund medJohanne Øvstebø Tvedten og teaterleikar ved Mathias Høyland.Bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde fotalde om restaureringa på tunet.Trekkspeltonar frå Etne trekkspelklubb laga stemning rundt bålet ogtønnegrillen med pølser og pinnabrød.
Etnemarknaden gjekk dette året over tre dagar; fredag 11. august tilsøndag 13. august. Sogelaget hadde stand vis a vis Etne kommune iIdrettshallen. Sogelaget selde årbøker, bygdabøker, biletbøker, Ingvar Moe sinyopptrykte bok m.m. Utstilling av gamle bilde og tilgang på mange bilde av godgamal årgang. Dette var svært populært, alltid kjekt å sjå om det er nokon einkjenner. Svært god oppslutning på standen, trass i mindre publikum totalt påårets marknad. Sogelaget hadde konkurranse med ein gamal gjenstand og bilde med"kven er dette?" Kaffi og kaker fall i smak hos dei som var innomstanden. Ståle Dyrvik vitja Etne og hadde møte med bygdeboknemda, om eventueltvidare arbeid med bygdabøkene for Etne.
Busstur, med Knapphus buss tysdag 26. september, var eit svært vellukkaarrangement.
Turen gjekk til Hardanger med 52 personar om bord. Turen gjekk først tilAlde Sider, Agatunet etterfølgd av lunsj på Utne Hotel og avslutta på HardangerFolkemuseum på Utne. Ein fantastisk flott og gild tur var omdømet frådeltakarane.
Førjulsdag "Før og Nå" på Sæbøtunet 14, november. I samarbeidmed
Etne-speidarane, som stilte medkaffilars og pinnabrød, dramagruppa på Enge skule ved Elen Merete HetleflåtRamsvik og Torbjørn Reisa, med fullsett forteljarskut i to omganger. Litledalenlysstøyperi med "støyp ditt eige lys", hedlebakst med Endre og TineTjelmeland i eldhuset, gløgg, fletta julekorger med søstrene Heggen Mæland, varog stor stas, pluss fleire salsboder. Med musikk frå skulekorpset, vart detover all forventning ei oppleving med førjuls-stemning — før og nå Itussmørkret, tende lykter rundt om på tunet gjorde sitt til at dei ca. 150frammøtte fekk ei annleis førjuls-stemning frå "gamle dagar". Nokrevar også utkledde i gamle klede. Sjølvsagt dukka fjosnissen opp — til storglede og spenning for dei minste. Sjølv i 2017 er det interesse for å lære ogsjå korleis folk levde, og kanskje ta opp igjen nokre av dei tradisjonane somvart brukte langt tilbake i tid. Noko av det kan vera nyttig i dag også, sjølvom utviklinga har vore stor. Kanskje den barnslige gleda og forventningane medførjulstida er noko ein absolutt kan ta seg tid til i 2017 også.
Årboka
Den 34. utgåva av årboka vart pakka og distribuerte til medlemmer ogutsalsstader før jul. Medlemskap og årbok kr. 225,-
Styret i Etne Sogelag 2017
Aslaug Olden Mala
Leiar
Jakob Eskeland
Nestleiar
Ole Ragnar Gundegjerde
Styremedlem
Liv Tesdal Mjelde
Vararepresentant
Anne-Britt Grindheim - Skrivar
Johannes Kambo
Kasserar
Anne-BrittGrindheim, skrivar
Rekneskap for Etne sogelag 2017.
Håkon Reiersen til Etne sogelag
Etne sogelag har fåttførsteamanuensis Håkon Reiersen ved Arkeologisk museum i Stavanger til årsmøteti Etne sogelag på Skakke måndag 26. februar.
Til dagleg arbeiderReiersen med forvaltning av arkeologiske gjenstandar frå Rogaland.
Reiersen voks opp påKvalvåg inst i Ålfjorden i Sveio. Utdanninga i arkeologi har han fråUniversitetet i Bergen, med masteravhandling om Avaldsnes i 2009 og doktorgradfrå 2017 om vestnorske maktsenter i eldre jernalder. Her er Etne ei av tolvrike bygder som er analyserte.
Etne - viktig maktsenter
I førelesinga vil Håkon Reiersen ta for seg Etne sisentrale rolle som maktsenter i regionen. I Etne sogelag si årbok for 2017,skildrar han denne epoken i norsk historie. Han viser til at det arkeologiskekjeldematerialet peikar mot at Etne har vore eit viktig maktsenter i yngreromartid og folkevandringstid. Her var både politisk, militær og rituell maktsamla. Mange offerfunn, med høvesvis gullbrakteatar (gamle myntar) ogsverdbeslag av gull, vitnar om at Etne var det viktigaste maktsenteret i Sunnhordland.Dette kan indikera at personar frå Etne har reist ut i verda og teke med segimpulsar attende for å gjera heimbygda til ein viktig stad, skriv Reiersen.Song og matøkt
Etter ei historisk vandring tilbake tilEtne i oldtida, blir det song og musikk av ungdomsskuleelevane SolfridHetleflåt Bråthen, Mathias Håland, Hauk Hamre Hagen og Kristin Hovda. Dei harlyst til å syngja "Let her go" av Passenger til forsamlinga.
I tillegg tilvanlege årsmøtesaker, blir det også matøkt og tid til litt drøs rundt borda.Alle er hjarteleg velkomne til ein historisk sogekveld!
Etne sogelag
Foto: (Arve/annonse)
Håkon Reiersen skal snakkaom Etne si sentrale rolle i eldre jernalder.