Etne Sogelag
Årsmelding 2024
Styret 2024
Formann: Nils Halleland
Nestformann: Jakob Eskeland
Skrivar: Astrid Trå Sørheim
Kasserar: Ole Mæhle
Styremedlem: Magnhild Hovin
Varamann: Paul Tungesvik
Årsmøte for 2024 vart halde på Åkrafjordtunet den 13. februar 2025. Etterat årsmøtesakene var handsama, var det kulturelt innslag med Sigrid Bjelland Henriksen, intervjuaav Nils Halleland, - og matøkt der det vart servert betasuppe og kaffi medkake.
Etne Sogelag har hatt 3 styremøte gjennom året i tillegg til fleiresamlingar i fob arrangement me deltok på. Nokre saker er i tillegg handsamagjennom elektronisk dialog mellom styremedlemmene. Sakene har for det meste voreknytt opp mot ulike arrangement laget deltok i.
I tillegg førte ombygginga på Skakke til noko arbeid for å sikre detsom ligg på lageret vårt i kjellaren. Her står framleis att omfattande opprydding.
Siste året har det vore gjortein del vedlikehald på Tongahuset. Det vart leigd handverkar 1 dag og stelt istand i gangen, der noko arbeid stod att frå tidlegare. I tillegg er det utførtnoko dugnadsarbeid.
Arbeidet med ny heimeside forEtne sogelag har i periodar halde fram, men den ansvarlege har vore ute avfunksjon i lengre periodar og er nå heilt ute av arbeidet grunna ny stilling ogme må søkja andre løysingar.
Arbeideti prosjektgruppa for nytt signalbygg , «Magnushallen», for oppbevaring avvikingskipet «kong Magnus», samt visningsplass og utstilling for Etne si rikekulturhistorie held fram. Ole Mæhle ogNils Halleland frå Etne Sogelag, er med i ei prosjektgruppa for å følgjearbeidet vidare.
Økonomien i laget er bra sjølv om resultatet i 2024vart minus 15 tusen.
Takkog til alle våre medlemmer som bidregmed tekstar til årboka og bidrar på ulik vis på arrangement og dugnader.
Aktivitetar:
· Årsmøte i Hordaland sogelag var dette året halde påStalheim hotell på Voss. Astrid Trå Sørheim og Ståle Sørheim var utsendingarfrå Etne.
· Jonsokfeiring på Sæbøtunet i samarbeid med SunnhordlandMuseum,og Etne sogelag, Astrid Trå Sørheim, Ståle Sørheim og Jakob Eskeland. KjellPedersen, Sigmund Høyland og Stein Gunnar Sandvik underheldt med song og musikk.Det var ulike leikar for born og vaksne samt sal av kaffi og vafler/lappar. Stort fint bål. God oppslutning og ein kjekk kveld og godt samarbeidmed Sunhordland museum.
· Sogelaget hadde stand på Bondemarknaden med sal avbøker og hefte. (Astrid Trå Sørheim, Jakob Eskeland, Nils Halleland og KarstenLunde )
· Busstur til Halsnøy/Rosendal via Olaløa i Sundal. Besøkbl.a. på Halsnøy historiske senter og Folgefonnsenteret i Rosendal. Lunsj ved museetpå Halsnøy og middag i Olaløa i Sundal. Turen vart gjort ekstra underhaldandeog interessant ved guiden vår, Arne Torget, som hadde inngåande lokalkunnskapom stader på ruta. Omlag 40 personar var med.
· Utgjeving av årbokafor 2024: mange gode tilbakemeldingar på godt innhald og vel gjennomført arbeidfrå skriftsstyret.
· Stand med sal av bøker og utlevering av årbøker påjulemessa på Skakke ved OleMæhle og Astrid Trå Sørheim.
· Stand på Julemesse iSkånevik ved Paul Tungesvik og Margunn Mortveit.
· Pakking og distribusjon av årboka Ole Mæhle,Gunnbjørg Ljusnes og Arvid Kjell Osvåg.
· Me arrangerte også i år juletreff, eller Grautafestmed presentasjon av årboka 2024 på Skakke 4.desember. Elevar frå kulturskulenunderheldt, Kjell Pedersen og Sigmund Høyland spelte til julesongar.
· Presentasjon av årboka 2024 på Sjøperla i Ølen 4.12-2024.Sidan arrangementet i Ølen fall på same dag som vår julesamling fekk SiljeHolden Birkeland ved Ølen bibliotek materiell frå årboka og 5 eksemplar for sal.Ho tok på seg å presentere innhaldet for dei som møtte opp i Ølen.
Styret