Ettermest 3 år med koronapandemi kom dagen me lenge hadde venta på, 12.02.2022. Deifleste reglane mot korona vart fjerna, og det var ikkje lenger naudsynt å haldaavstand til kvarandre.
Årsmøtet 2022vart halde tysdag 29. mars i kafeen på Skakke. Rundt dei vårlege og fint pyntaborda samla 39 sogelagsmedlemer seg.
Innkallingog sakliste vart godkjende.
Val av møteleiar: Aslaug Mala. Skrivar: Anne - Britt Grindheim.
Valav to personar til å skriva under møteboka: Martin Dyrseth og Oddvar Moe.
Referatfrå årsmøte og årsmelding 2021 vart godkjende utan meknader.
Rekneskapetgjekk Ole Mæhle gjennom. Det vart godkjent med ein merknad frå
Karsten Lunde som sakna ei oversikt over eignelutene tillaget dvs.
lagerbehaldning av bøker, nokre måleri ogandre gjenstandar. Det finst ei slik liste, men den var ikkje tatt med tilårsmøtet. Det er ynskjeleg å ha den med som ein del av årsrekneskapet medeventuelle årlege justeringar.
IngerKlokkerstuen minna om at det er mange interessante bøker etter Olav Vik somburde vore tatt fram.
Valnemdaved Einride Aakra la fram framlegg til styre og desse nemdene: skriftstyre,postvegmarsjen, Tongahuset, Olav Vik stiftinga og Norsk Motormuseum som allevart godkjende. Valnemda: Einride Aakra på val 2024 og Ole Ragnar Gundegjerde2023.
Orientering frå styret:
Parkeringsplassen til Sæbøtunet:Edvar Tjelmeland som eig området er positiv til sal eller leigeavtale. Kommunenmed Erik Kvalheim formidlar at alt ligg til rettes for parkering. Det står nåpå løyve frå Statens vegvesen om om avkøyrsle frå E 134.
Solveig Sørheim er tilsett i 20% stilling i SunnhordlandMuseum - Sæbøtunet.
Liv Tesdal Mjelde orienterte fråarbeidet med prosjektet "Ska sei"' i regi av Karmsund
Mållag, Haugaland Museum ogUniversitetet i Stavanger. Saman med Steinar Aalvik har ho intervjua personarfrå Etne kommune. Personar frå kommunane som er med i Karmsund
Mållag vart intervjua, menn/kvinner over 60 og elevar frå ungdomsskulane på Enge og Skånevik. 140informantar er intervjua på lydband som er lagra på Haugaland Museum, studentarsom skal ta bachelor eller mastergrad skal kunna bruka intervjua.
Fylkesarkiveti Vestland avd Leikanger, har som prosjekt å digitalisera gamle bilete. DagSilde orienterte om arbeidet med fotoarkivet til Willum Ekrheim. Nær 1300bilete er skanna så langt. Kvar tysdag kl 10 - 12 møtes dei som vil bidra.
Aslaug og Ole informerte omskilting attmed kyrkjene i Etne. Sogelagsstyret ber kyrkjekontoret om å skaffanye og leselege skilt. Nye skilt som viser veg til Tongahuset ved Groadalen påAuastad er ei styresak for Tongahuset.
Anne - Britt etterlyste informasjon om det frivilligebrannvesenet som var stasjonert på
Håfoss og på Esso ved Etnesjøen . Ho formidla og at HaraldFjøsne (91) gav ut bok tidlegare i år, boka var til sals på Kulturnatt i Etne2022. Aslaug orienterte om sogelagsturen til hausten:
busstur til Sunnhordland museum på Leirvik, kisgruvene påStord og måltid på Fitjar hotell.
Landhandlar og tidlegare ordførar Larseman Lundalfrå Markhus i Åkrafjorden kåserte om historiske hendingar og utviklinga langsaust- og vestsida av fjorden med alvor og skjemt. Han starta i 1942, det årethan vart fødd, og tyskarane bygde Åkrafjordvegen ferdig. Han følgde utviklingaheilt fram til i dag, med den eventyrlige veksten i desse bygdene medstorutbygging ved Langfoss til alt som er og vil koma på Fjæra.
Eit innhaldsrikt og godt årsmøte der godesmørbrød og lun eplekake med kaffi fekk fram den gode drøsen ved bordet.Kvelden vart avslutta med eit tradisjonelt loddsal.
Årsmøte i Hordaland sogelag:
26. - 27. mars 2022 var det årsmøte i Granvin,Ulvik og Eidfjord. Astrid T. og Ståle Sørheim var utsendingar frå Etne. Einmøttest på det gamle grendahuset, Trudvang, i Granvin og åt lunsj på JaunsenGjestgjevargard like ved. Vitja så Olav H. Haugesenteret i Ulvik, og sjølveårsmøtet med årsmøtesaker var på Eidfjord hotell. Det var rundt 30 deltakararfrå 0ml. 15 lokallag og 6 frå hovudstyret i Hordaland sogelag.
Arrangement:
Sunnhordlandmuseum og Etne sogelag hadde jonsokfeiring 23.06. på Sæbøtunet, rundt 100personar med stort og smått. Folk kosa seg med grilling, leikar, god musikk,kaffi, lappar og ikkje minst god drøs med kjensfolk. Kjekt å sjå alle borna somsprang rundt og leika i lag.
Tur til Stord: Første stopp var gruvemuseumet påLitlabø, der det først var orientering om gruvedrifta frå 1865 til 1968.Etterpå vart ein frakta eit stykke inn i gruva med det restaurerte lokomotivet"Geito".
På Sunnhordland museum såg ein utstillinga"Det starta med silda" som viste kva sildafisket hadde betydd fornæringslivet. Johanne Øvstebø Tvedten hadde ei dramatisert framsyning overtemaet: "Norske kvinner - tyske soldatar", ei vandreutstilling lagaav Oslo museum. Det vart og servert kaffi og ein matbit.
På Fitjar hotell vart det servertmiddag før det var tur i området med vindturbinar. Sjefen på Fitjar kraftlagvar med og orienterte. Turen heimover gjekk på vestsida av Stordøya. 48personar deltok.
Etne sogelaghadde stand på Etne marknaden 5. - 7. august med utstilling av gamle bilete fråEtne. Standen var godt besøkt alle marknadsdagane.
Sogelaget hadde stand på Bondemarknaden ved Etne senterl.okt. Sogelaget var og med på julemessa i Etne 26. nov. og i Skånevik 3. des.Det var sal av årboka 2022, stølsboka og andre bøker som sogelaget har.
På grautfesten 12. des. var det om lag 30frammøtte. Dag Silde orienterte om arbeidet med årboka. Vidar Børretzen haddeeit interessant innlegg om laksefiske i Etnefjorden i tidlegare tider. Det vartservert graut med kake og kaffi etterpå. Kvelden blei avslutta med lynlotteri.
Styret i Etne sogelag 2022
Aslaug Olden Mala, leiar
Jakob Eskeland, nestleiar Ole Mæhle,kasserar
Magnhild Hovin, sekretær
Tore Harboe, styremedlem, vartsjuk i mars og døydde i august
Astrid Trå Sørheim, l.vararepresentant, kom inn som fastmedlem av styret etter Tore
Det har vore 4 styremøte til saman i 2022
Ref.
Magnhild Halsnes Hovin