Årsmelding for

2023

Etne Sogelag

 

Årsmelding 2023

Styret 2023

Formann: Nils Halleland (ny)

Nestformann: Jakob Eskeland

Skrivar: Astrid Trå Sørheim

Kasserar: Ole Mæhle

Styremedlem: Magnhild Hovin

Varamann: Paul Tungesvik

 

I 2023 var det 40 år sidanEtne sogelag vart stifta. Dette vart markert ved at me kosta litt ekstra påårboka, t.d. med gullskrift på omslaget og litt ekstra på årsmøtet i Skånevik medmiddag, omvisning på Norsk motormuseum og kåseri med Anders Haugland.

Etne Sogelag har hatt 7styremøte gjennom året. Saker som er handsama er for det meste knytt opp motulike arrangement laget deltar i.

 

Etne Sogelag har fullførtvedlikehald av Tongahuset. Huset er bl.a. beisa med to strøk utvendig. Kun nokoarbeid med listing og paneling innvendig gjenstod i 2023. Det vart utførttidleg i januar 2024.

Grannar hadde ein større reportasjeom Etne Sogelag 12. oktober 2023.

Arbeidet med ny heimeside forEtne sogelag er i gong.

 

Den 29.08 var styret i Etne Sogelagi møte med Nils Einar Steinstø, Fikse næringsforening, som presenterte eit spanadeprosjekt for oppføring av et signaturbygg (Vikingbygg) ved Tinghuset forutstilling av elementer frå Etne si rike historie. Ole Mæhle og Nils Halleland,frå styret i Etne Sogelag, vart med i ei prosjektgruppe for å følgje arbeidetmed prosjektet vidare.

Økonomien i laget er bra. Stortakk til E-lagsfondet og sparebanken Vest. Me fekk 50000 av E-lagsfodet og 15000av Sparebanken Vest.

Våre annonsørar som bidreg medannonser i årboka år etter år fortjener også ei stor takk. Me vil nemne at einav våre annonsørar på eige initiativ gav oss kr.10000 i støtte. Takk og tilalle våre medlemmer  som bidreg medtekstar til årboka og bidrar på ulik vis på arrangement og dugnader.

 

Aktivitetar:

·      Årsmøte i Hordaland sogelag var på Askøy dette året.Nils Halleland, Kjell og Valborg Saltnes var utsendingar frå Etne.

·      Jonsokfeiring på Sæbøtunet i samarbeid med SunnhordlandMuseum (Annelise Grindheim),og Etne sogelag (Ole, Jakob, Magnhild og Astrid). KM-karane og Stein Gunnar Sandvik underheldt medsong og musikk, ulike leikar for born og vaksne og sal av kaffi ogvafler/lappar. Det var ikkje bål denne gongen p.g.a. tørke og brannfare. Godoppslutning og ein kjekk kveld.

·      Sogelaget hadde stand på Bondemarknaden med sal avbøker og hefte. (Astrid, Jakob og Dag )

·      Busstur til Sauda/Røldal. Besøk bl.a. på industrimuseet,og i gamle sinkgruver som i dag vert kalla Allmannajuvet i Sauda. Elles guidatur rundt om både i Sauda og Røldal.  Åbøbyen vart besøkt. Det spesielle med Åbøbyenvar korleis klasseskilje prega bygging av bustader. Lunsj i Sauda og middag iRøldal.            Omlag 35 personar varmed.

·      Stand på Drivhuset under julegateopninga.

·      Stand med sal av bøker og utlevering av årbøker påjulemessa på Skakke (Ole og Jakob).

·      Pakking og distribusjon av årboka. Heile styret +Arvid Osvåg og Gunbjørg Ljusnes.

·      Grautafest med presentasjon av årboka 2023 på Skakke5.desember. Steinar Aalvik og trekkspelgruppa underhelt.

·      Presentasjon av årboka 2023 og presentasjon avVindetreet på Sjøperla i Ølen 13.12-2023. Ragni presenterte Årboka. Fleire rep.frå Etne var: Arvid og Magni Osvåg, og Gunnbjørg Ljusnes. Frå Styret JakobEskeland og Astrid Trå Sørheim. Det vart seld 4-5 årbøker. Ei gav me til Biblioteket i Vindafjord.

 

Etne 13.02-2024

Styret

Opne vedlegg
Opne vedlegg
Opne vedlegg
Opne vedlegg
Opne vedlegg
Opne vedlegg
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.