Årsmelding for

2020

ÅRSMELDING FOR ETNE SOGELAG 2020

2020 varåret verda vart ramma av koronapandemien. 12. mars vart landet stengt ned, og iNoreg vart det innført dei strengaste restriksjonane som har vore i fredstid.Mange aktivitetar og tilstellingar vart avlyste eller sterkt reduserte. Mensjølv om det meste var stengt, og fleire av Etne Sogelag sine aktivitetar vartavlyste, var me etter tilhøva ganske aktive.

Årsmøte:

Årsmøtet på Skakke 19. februar samla 72 personar. Denutflytta Etnebuen Gunnar Berge (f. 1940) kåserte om oppveksten i Etne og sinpolitiske karriere, både som stortingsrepresentant og statsråd. SøskenbarnetReidar Berge fortalde litt om arbeidet sitt med boka "Stølar og stølsdrifti gamle Etne kommune". Eit praktverk som kom ut før jul. Det var einmerknad til årsmeldinga: Årsmøte 2019 - det skal stå årsmøte 2018. Utanom dettevart årsmelding og rekneskap godkjende.

Arbeid i styret:

Det har vore femstyremøte til saman, to i mai og to etter sommarferien , då det ikkje var såstrenge restriksjonar. Styret har hatt oppe 31 saker.

Redaksjonskomiteenfor årboka vart utvida, slik at ein dekkjer grendene i kommunen betre. Ein meirpresis tidsfrist for innlevering av stoff, levering til redigering og trykking.Utlevering i god tid før jul.

Planleggingav Kulturnatt og markering av 75- årsjubileum for freden. Få Einride Åkra somturleiar. Start og mål på Skakke. Dag Silde møtte på vegner av årboknemnda, haninformerte om planar og opplegg for årboka 2020.

Samarbeidmed Sunnhordland Museum om opplegg for Sæbøtunet 2020.

Etne Sogelag oppfordrar Sunnhordland Museum,Etne kommune og grunneigar om å koma fram til ei løysing påparkeringsutfordringane v/ Sæbøtunet.

Liv TesdaLMjelde vart vald til kontaktperson for Dialektprosjektet «Ska ' sei....», deter eit samarbeid mellom Universitet i Stavanger, Haugalandmuseet, kommunane:Haugesund, Vindafjord, Karmøy,

Tysvær, Bokn, Etne,Sveio og Utsira. Frå Etne kommune skal det intervjuast seks personar mellom 60

— 80 år ogtre ungdommar frå kvar av dei to ungdommsskulane i kommunen. Intervjua vertlagra på Haugalandmuseet, bachelor- og masterstudentar kan få tilgang tilopptaka for å skriva oppgåver. Ein er interessert i å registrera korleis ungeog eldre snakkar i dag, for så å kunna følgja med på utviklinga vidare.

Liv Mjeldeog Ole Mæhle var utsendingar frå Etne Sogelag til årsmøtet i HordalandHistorielag i

Øygarden7.- 8. mars. Aslaug Olden Mala representerte Hordaland Historielag som leiar ivalnemda. Aslaug Olden Mala var utsending til rådsmøtet i Rogaland Historielagi Haugesund 15.0ktober.

Arrangement

Fredsvandring rundt Etnesjøen

IJnder Kulturnattlaurdag 25. januar, markerte Etne Sogelag 75- årsjubileet for freden medvandring rundt Etnesjøen laurdag 25. januar. Turleiar var Einride Åkra. Hanvoks opp på Flåto, og gjekk på Enge skule under krigen. Han er derfor eitviktig tidsvitne og har mykje å fortelja om korleis det var å veksa opp og verabarn på den tida. Han har eit godt minne og hugsar korleis det såg ut; medbrakkeleirar, bunkersar og mykje anna. Både start og mål var på Skakke. Etterturen vart det kaffi og ein god drøs med mimring frå den tida.

Kino:

Etter oppmoding frå EtneSogelag, sette Etne Kino opp ei ekstra framsyning av filmen «Flukten overGRENSEN». Mange kom og såg filmen, og etter framsyninga vart det servertrykande varm betasuppe i foajéen.

Jonsokfest på Sæbøtunet 24. juni:

Etne Sogelag, i samarbeid med Sunnhordland Museum,arrangerte Jonsokfest på Sæbøtunet. Pga koronarestriksjonane vart det ikkjebarnetog og jonsokbryllup. Det var leikar og tevlingar av mange slag og foralle aldersgrupper. Song og musikk til trekkspeltonar av Stein Gunnar Sandvik.Det var sal av kaffi, brus og iskrem m. m. Det var også ei lita omvising påtunet, der ein fekk høyra om bygningar og dei som budde og arbeidde der før. 50personar deltok på jonsokfesten, som var avgrensa etter koronareglane på dettetidspunktet.

Olskofest på Sæbøtunet 29. juli

Det var olsokbål, barneleikar og tevlingar. Musikk vedStein Gunnar Sandvik og Kjell Pedersen. Kaffiog kiosksal og ein stor grill derein kunne grilla mat ein hadde med seg. Forteljar Jorunn Grindheim tok deiminste med på ei reise til Eventyrland. Bjørn Arve Lunde ved SunnhordlandMuseum, viste rundt i hus og bygningar. Han fortalde at Sæbøtunet var detfinaste og mest velhaldne tunet til Sunnhordland Museum.

Programmetvart gjennomført etter planane fram til landet vart nedstengt i mars. Det vartopna litt opp om sommaren, både jonsok- og olsokfeiringa gjekk mest somnormalt.

Årboka kom ut somvanleg, men elles vart programmet utover hausten avlyst.

Magnhild Hovin, sekretær

Opne vedlegg
Opne vedlegg
Opne vedlegg
Opne vedlegg
Opne vedlegg
Opne vedlegg
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.